Klæan Våre

450,00 kr

«Klæan våre» er ei reise gjennom draktskikken i Nord-Østerdalen frå tidleg på 1700-talet til omkring 1880.
Den tradisjonelle draktskikken tilhøyrer det førindustrielle samfunnet, og går ut av bruk i slutten av 1800-tallet.

Forfattaren har i fleire tiår fordjupa seg i dette emnet. Gjennom arbeidet innan museumssektoren, og like mye som interessefelt på fritida, er tekstil og tradisjonell draktskikk blitt eit spesialområde.

Jordbruk, februk og gruvedrift var næringsgrunnlaget i Nord-Østerdalen på 17 og 1800-tallet. Dette var avgjerande for levesettet hjå folk flest. Økonomi og sosiale forhold spela sterkt inn. Dei stedeigne kledraktene får stadig impulsar utanfrå som fører til ei endring i draktskikken over tid.

Klede til kvardag, helg og høgtid følgjer oss gjennom livets og årets faser. I løpet av dei omlag 200 åra har draktskikken gått gjennom seks stilepoker. Boka er delt inn i stilperioder der plagg for plagg blir presentert og sett inn i ein kontekst. Dette fører oss fram til kapitlet «tradisjon og tolkning», – ein presentasjon av rekonstruerte kvinnedrakter, brureutstyr og drakter i historiske tablå.

Antall sider: 208
Forfatter: Helga Reidun Bergebakken Nesset
Utgiver: Smøyg Forlag, 2020

1 på lager

Produktnr: 100298 Kategori:
Cookies settings
Singer Bernina Sysenter AS cookies-innstillinger
×